Opptaksprøve hausten 1960
Av kullet på vel 120 elevar, var det 31 som møttes for soialt samvær på Lillehammer, helga 6-8. september. Kullet starta på «Gudbrandsdal Offentlege Landsgymnas» med opptaksprøve hausten 1960, og gjekk ut av det som hadde skifta namn til «Gudbrandsdal Gymnas» i 1964. Enkelte, med realskule, kom direkte inn det 2.året. Namneskiftet på skulen markerte òg at fylkeskommuna overtok ansvaret frå staten.
Russ ' 64
Jan Eigil Bakke
Besøk på Maihaugen
Jubilantane starta samlinga si den 6.september med innslag der eit par av elevane fortalde om si gymnastid, og vegen vidare i livet. Det vart òg synt fram bilder frå Vinstratida, noko som fort vekte minner til live. Laurdag var det besøk i «Byen og boligfeltet» på Maihaugen før felles lunsj på Scandic Lillehammer Hotell. Etter lunsj var det visning av filmen om Vinstra: «En by blir til».
Store endringar
Birgit Øyen Norendal og Gry Hofstad hadde ei interessant framsyning av bilete frå dagens Vinstra. Dette fekk fart på diskusjonen om kva som har forandra seg i bygdebyen dei siste seksti åra. Konklusjonen var at det var særs store endringar.
Foredrag om fortid, nåtid og framtid
Vidare heldt Lektor Arild Teigen, ved Vinstra Vidaregåande Skule, eit foredrag kalla «Eg er komme til Vinstra for å drive skule, eg treng pengar!» - Om skulen og skulestaden i fortid, nåtid og framtid. Her var òg den pågåande skulestruktursaka tematikk, og 64` kullet var svært interessert i korleis framtida til skulen deira såg ut.
Rektor Gjelsvik
Arild Teigen
Festmiddag og fotografering
Om kvelden var det duka for festmiddag og fotografering, før «klassa» laut skiljast sundag.
Jubilantane kunne oppsummere ei særs vellukka helg!