Ein unik praksis er nettopp avslutta. Seks elevar på Vg2 Helsearbeidarfag har jobba i to veker ved ein sjukeheim på Kreta. I tillegg til å jobbe med pasientar, tok dei med seg sju rullatorar som vart donert til sjukeheimen.
Elevar med hotelvertskap
Vinstra Vgs
Søknadsprosess
Elevane som ynskjte praksisplass på Kreta gjekk gjennom ein søknandsprosess og intervju. Dette er verdifull røynsle å ta med seg til dei seinare skal søkje både lærlingplass og jobb.
Elevane som reiste var: Vilde, Karianne, Helle, Michelle, Tuva og Ingvild.
Jobbpraksis og kulturopplevingar
Dei har delteke i den daglege drifta ved sjukeheimen. Samstundes har dei fått oppleve gresk kultur og mat. Dei besøkte det arkeologiske museum og deltok i den gresk-ortodokse påskefeiringa.
Inntrykka har vore mange og viktige, og har bidrege til både fagleg og personleg vekst.
Elevar på sjukeheim
Vinstra Vgs
Elevar på gresk restaurant
Vinstra Vgs
Elevar tar med seg rullatorar
Vinstra Vgs
Erasmus+
Erasmus+ er eit internasjonalt utdannings- og opplæringsprogram. Skulen har søkt og fått midlar som gjer denne typen praksis mogleg. Liss Rønningen Gravdal har vore hovedansvarleg for denne prosessen.