Temadag

Avgangselevane har gjennomført temadag.

Haldningsskapande arbeid

Det er russestyret i lag med Trygg Trafikk som organiserer denne dagen og dei seinare åra har innhaldet vore ulike tema rundt haldningsskapande arbeid i ungdomstida, med særleg fokus på russetid. 

Ulike stasjonar - Klikk for stort bileteElevar på temadag Vinstra vgs Ulike opplegg - Klikk for stort bileteElevar på temadag Vinstra vgs

Ta gode val

Rektor oppfordra elevane til å ta gode val i russetida, og hugse at dei vala dei no tek for seg sjølve og andre skal dei leve med resten av livet. Vidare var det Helge Kleiven frå Biltilsynet som viste bilete og fortalde kor viktig det er med trygg og sikker russebil.

Sterk historie

Det sterkaste denne dagen var besøket frå tidlegare elev ved skulen, 26 år gamle Herman Engum. Han delte ei sterk historie om ei ungdomstid prega av rus og dårlege val. Han fortalde om vegen ut av dette og kva dette har kosta han. Herman hadde viktige ting å seie til elevane. 

-Ha tru på deg sjølv, ta eigne val og ikkje bry deg så mykje om «det perfekte» som du ser i sosiale medier. I tillegg oppfordra han alle om å bry seg om kvarandre. - Å varsle frå om at du er bekymra for ein ven eller ei venninne er ikkje å sladre, det er å bry seg. -Derimot er det å IKKJE bry seg om ein ikkje varslar når nokon har det vanskeleg, sa Herman.

Temadag - Klikk for stort bileteRussetyre og elevar Vinstra vgs

Ulike opplegg

Utover dagen rullerte elevane i grupper på tvers av klasser der dei hadde opplegg med Statens vegvesen, ambulansepersonell, helsestasjonen og politi.

Herman Engum - Klikk for stort bileteHerman Engum Vinstra vgs

Ein lærerik og variert dag

Dagen vart avslutta med ein kahoot, med spørsmål frå dagen. Ein variert og lærerik dag, og russepresident Helene med russestyret ønskjer å takke alle som deltok. Ein spesiell takk til dei ulike etatane som bidrog.