Diktardagar
Innlandet fylkeskommune
For første gong skal elevar frå Vinstra vgs delta i Diktardagar. På fredag 30. august skal dei vere med på Seminar for ungdom. Her høyrer dei foredrag frå journalist Pål Hovengen Plassen med tittelen «Kva mobbing og utanforskap gjorde med meg». I tillegg vil dei delta på bokbad med Brynjulf Jung Tjønn som skal presentere si nyaste diktsamling, “Kvit, norsk mann”.
Heim-det å høyre til
«Heim—det å høyre til» er temaet på årets Diktardagar. Både Pål Hovengen Plassen sin foredrag og Tjønn si bok passar godt inn i temaet.
Det er norsklæraren Arnhild Beate Kjersem som tok initiativ for å melde elevane på turen. «Det er ikkje så mange utfluktsturar i norskfaget, så det er viktig å vere med når vi kan», seier Kjersem.
Nina Rudi er òg lærar i norskfaget til 3. klassingane. Ho er opptatt av at elevane får oppleve og erfare litteratur. Det gir ein annan dimensjon enn å sitje i eit klasserom og lese litteratur. Ho er samd med Kjersem og legg til «Å komme bort frå skule og sitja saman med andre for å høyre foredrag og litteratur, er viktig i seg sjølv.»
Marthe Haverstad og Amalie Plassen-Brandvol
Vinstra Vgs
Reaksjonar frå elevane
Marthe Haverstad og Amalie Plassen-Brandvol går i 3. klasse. Dei meiner at tema fangar mange av medelevane deira. Ungdom er opptatt av å passe inn og å finne sin plass, og mange opplever kjensla av å ikkje passe inn på eit eller anna tidspunkt. «Selv om man er inkludert, å føler seg annerledes er vanlig» seier Amalie.
Autentiske aura
Etter Seminar for ungdom får elevane omvisning på Hamsunstugu i Garmo. Lærar, Nina Rudi, synest det er fantastisk at elevane kan få oppleve den autentiske auraen og atmosfera som fantes i huset der Knut Hamsun budde i sine første år.
Førebuingar
Elevane i 3. klasse fortel at dei byrja å førebu seg på slutten av 2. klasse. Dei las og tolka dikt, høyrde på podkast av forfattaren og hadde speed-date med dikt på biblioteket. No er dei klare for å vere med på Diktardagar.
Midlar frå Fritt Ord
3. klasse skal òg ha nytte av midlar skulen har fått frå Fritt Ord. I samband med Fritt Ords 50 års jubileum har den private stiftinga for første gong tildelt midlar til vidaregåande skular. Ut i frå alle søknader som vart sendt inn, var Vinstra videregåande skule ein av to skular i Innlandet som fekk midlar knytt til «Tett på kilder» midlar. Les meir om det her.
«Å tro eller ikke tro, det er spørsmålet»
Dette er namnet på prosjektet der elevane reflekterer over kva kjelder dei kan, eller ikkje kan, tru på. Dei vil sjå nærare på kjelder frå populærkulturen og kunnskapskjelder. Prosjektmidlane frå Fritt Ord er knytt til to fagdagar. Den første skjer allereie i september og den andre etter jul.
Sidan prosjektet er knytt til faget Religion og etikk, speler tittelen både på tru som truverd på kjelder og tru i konteksta av religion og livssyn.
Å tro eller ikke tro
pixabay
Foredrag og Workshops
Onsdag, 11. september blir eit foredrag halde med Alf Kjetil Walgermo på biblioteket. Han vil dele erfaringane sine som journalist og forfattar og understrekar viktigheita av kjeldekritikk.
Etter foredraget deltek elevane på fire ulike workshops for å komme tettare inn på kjelder. Kristin Sagranden, lærer i Religion og etikk, meiner å ha fokus på kjeldekritikk og kildetillitt på starten av skuleåret har stor overføringsverdi.
«Det er viktig at elevene tilegner seg forståelse for kilder og hvordan disse kan påvirker dem i hverdagen og ellers, » seier Sagranden. Dette medvitet har overføringsverdi ikkje berre på skule og skuleoppgåver, men også i eit samfunn som verdset mangfald og demokrati.
Set pris på variasjon i undervisning
Elevane, Marthe og Amalie er glade for at dei får høve til å lære utanfor klasserommet ved skulepulten. Dei meinar at dei lærer ting heile tida, men det kan vere enklare å hugse ting når det er ei oppleving å knyte det til. «Ikke alle liker å alltid sitte i et klasserom, så det er bra å gjøre noe annet også» avsluttar Marthe.