Det reisande klasserommet

I veke 11 reiste elevar til Nice for ei annleis og lærerik skuleveke.

Tidleg på morgonen den 10. mars reiste ein gjeng av to lærarar, fem elevar frå Gausdal vidaregåande skule og 14 elevar frå Vinstra vidaregåande skule frå Noreg til Nice. Ved framkomst  møtte dei vertsfamiliane og gjorde seg klare for ei veke på skule i Frankrike.

Språk, kultur og historie på timeplan

En klasse med ungdom i Nice - Klikk for stort bileteElevar på studietur Vinstra Vgs

Undervisninga gjekk føre seg på skulen Ècole Pierre Overall frå kl 09.00 til 12.30 kvar dag. Skulen er ein del av  French in

I tillegg til å praktisere språket, var målet med studieturen å utvikle forståinga for fransk levesett og tenkemåtar og dessutan ha fokus  på demokrati, interkulturell forståing og toleranse. Difor var elevane ute på ulike ekskursjonar etter skuletid kvar dag. Mellom anna besøkte dei fjellandsbyen Èze og tok ein guida tur på parfymefabrikken Fragonard. Det var òg ein togtur til Monaco der dei besøkte dei Le musèe Oscèanographique, eit museum som arbeider med miljøtiltak for å redde truande arter i havet. Dei besøkte òg Chagall-museet, Massena-museet og minnesmerket etter terrorangrepet i 2016 på Promenade des Anglais og lærte om Nice før og no.

elevar sitter i eit klasserom - Klikk for stort bileteElevar på klasserommet Vinstra vgs
elevar sitter i eit klasserom - Klikk for stort bileteElevar på klasserommet Vinstra vgs
Elevar sitter og spiser på en restaurant - Klikk for stort bileteElevar på restaurant Vinstra vgs

Trollstipend og Ungt Entreprenørskap

Fransklærarane ved Gausdal og Vinstra videregåande skuler søkte Trollstipend frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-DIR). Stipendet er kun for franskelevar mellom 14 og 20 år. Den gir moglegheit for franskklasser til å oppleve og lære i mållandet Frankrike, dersom programmet følgjer måla i læreplanen. Læraren Guri Skurdal Tofte meiner dette er ein fin måte å styrke språkinteressa og språkkompetansen på i Gudbrandsdalen. Guri har  organisert studieturar og reist saman med elevar i mange år. Denne gongen med franskkollega Helga Marie Stigen Sørhagen frå Gausdal vidaregåande skule.  

I tillegg ligg to år med ungdomsbedrift (UB) integrert i franskundervisninga. Dette krev innsats og kreativitet av elevane og læraren dugnadsmessig og tidsmessig, dersom dei skal kunne realisere dette langvarige prosjektet. Gruppa Les Vikinga Francophones UB har klart dette med stor ekstrainnsats og iver!

Reaksjonar frå elevane 

ungdom sitter på trapper  - Klikk for stort bileteDet reisande klasserommet Vinstra Vgs

Rebekka Sigmond Eivindsdottir og Marthe Haverstad fortalde om opplevingane frå studieturen. Marthe fortalde om ein dag på skulen då dei var sende ut på marknaden for å ta bilete. Ei liste over bileta som skulle takast var på fransk. På lista stod mellom anna at dei skulle ta bilete av seg sjølve med ein som selde blomstrar og av seg sjølve medan dei klappa ein hund. For å få til desse bileta, måtte dei snakke med menneske på marknaden på fransk for å spørje om dei kunne ta bileta.

Rebekka sa ho fekk fleire inntrykk, men noko som har sett seg igjen hos henne er dei ulike menneska, frå dei veldig rike i Monaco til dei fattige tiggarane på gata. Det var tydelege klasseskilnader og dette var noko å ta inn over seg.

Oppleving for livet

Skulptur som står I Love Nice - Klikk for stort bileteI love Nice Vinstra vgs

Både Marthe og Rebekka ville tilrå denne turen til andre. Begge synest det var spennande, lærerikt og meiner det er viktig å oppleve verda. Rebekka følte at ho lærte like mykje fransk på ei veke som i eit heilt skuleår. Marthe synest mykje av språket løysna noko på ei veke. Ho understrekar at det var ein annleis måte å lære språk på, og at ein berre måtte kaste seg ut i det. Det var artig og motiverande å få det til.