Elevar på studiespesialisering ved Vinstra vgs.
Reed Foto
Kven passar studiet for?
Studiespesialisering passar for deg som likar å arbeide med teoretiske fag. Du bør være samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert. Du bør også være interessert i kultur- og samfunnsforhold, og like å skrive eller rekne.
Kva lærer du?
På Vg1 har du berre fellesfag
På Vg2 og Vg3 har du fellesfag i tillegg vel du fordjupning innan realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Fordjupningsfaga utgjer om lag halvparten av studietida på Vg2 og Vg3.
Realfag
Elevane gjennomfører ulike forsøk i realfaga.
Reed Foto
Les meir om realfag på vilbli.no
Språk, samfunnsfag og økonomi
Les meir om språk, samfunnsfag og økonomi på vilbli.no
Avhengig av fagvala dine, lærer du:
- matematikk og andre realfag
- leiing og økonomi
- historie, politikk og psykologi
- språk
- andre teoretiske fag
Vinstra vgs tilbyr fransk og tysk som framandspråk innanfor fellesfag.
Kvifor velje studiespesialisering?
- Studiespesialisering gjev eit breidt fagleg grunnlag.
- Studiespesialisering gjev generell studiekompetanse. Dette er inngangsbilletten til ei lang rekkje studiar ved universitet og høgskular.
- Du blir godt fagleg førebudd til studiar ved høgskular og universitet, både i Noreg og utlandet.
- Du kan velje blant programfag innan realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.
- Du kan velje programfag som oppfyller spesielle opptakskrav ved inntak til høgskular og universitet.
Døme på kva du kan bli:
- sjukepleiar, lege eller veterinær
- ingeniør, jurist eller økonom
- lærar, psykolog eller journalist
- arkitekt, produktdesignar eller kulturarbeidar
Har du spesielle framtidsdrømmar, så sjekk nøye kva fagkombinasjonar som krevst før du veljer programområde og -fag.
Antal timar i fellesfag
Les meir om studiespesialisering på vilbli.no
Slik søker du
Du søker, får svar og svarar på tilbod i Vigo.
Søk på vigo.no
Du må søke opptak kvart år.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mars.
For søkarar som har krav på individuell behandling av søknaden sin, og søkarar med fortrinnsrett til vidaregåande opplæring, er fristen 1. februar.