Elevar på folkemusikklina på Vinstra vgs.
Vegard Moshagen
Sidan 1997 har skulen hatt landsline i folkemusikk og den er den einaste i sitt slag i Noreg. Du kan søkje uansett kor i landet du bur, og søkjarar frå heile landet stillast likt ved inntak.
"Det krev mykje hardt arbeid, litt flaks og eit talent for å leve heiltid av musikk."
Øyvind Sandum, folkemusikar og tidlegare elev ved Vinstra vgs.
Generell studiekompetanse
Undervisningstilbodet følgjer musikk, dans og drama-modellen med både programfag og fellesfag, slik at elevane får generell studiekompetanse.
Fag- og timefordeling
Som elev på folkemusikklina får du mellom anna dette:
- ein time i veka med hovudinstrumentlærar
- samspel med dei andre elevane på folkemusikklina, på tvers av klassetrinn.
- opplæring i kveding og folkedans
Feletrio frå folkemusikklina
Vegard Moshagen
På Vg2 utgjer programfaga 17 timer og fellesfaga 18 timer i veka.
Programfag
- hovud- og biinstrument
- kor
- spelemannslag
- musikk i perspektiv
- folkemusikkhistorie
- komponering/arrangering
- musikkformidling/musikkteknologi
- ensembleleiing
- musikklære/lytting, gehør
- øvingslære
- folkedans
Enkelte programfag blir undervist i fellesgrupper saman med dei ordinære musikkelevane, medan andre er i eigne grupper eller med tilpassa innhald (samspel, kveding, musikk i perspektiv, biinstrument, hovudinstrument m.m.)
Fellesfag
- norsk
- engelsk
- kroppsøving
- naturfag
- matematikk
- samfunnsfag
- historie
- religion
- geografi
- 2. framandspråk (tysk, spansk eller fransk).
Alle instrument
Skulen tilbyr alle instrument innanfor folkemusikk, -dans og -sang, samt folkedans.
Dyktige lærarar
Lærarar er blant andre Ingeborg Ulberg Sommer og Kirsti Bakken Kristiansen. Men det er også bruk av gjestelærarar, som vi henter frå heile landet.
I tillegg har elevane andre musikklærarar ved skulen i enkelte programfag, og lærarar innanfor studiespesialisering i fellesfag.
Frivillig prøvespeling
Det er ikkje opptaksprøve. Søkjarar kan komme og prøvespele, men det er frivillig.
Slik søker du
Du søker, får svar og svarar på tilbod i Vigo.
Søk på vigo.no
Du må søke opptak kvart år.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mars.
For søkarar som har krav på individuell behandling av søknaden sin, og søkarar med fortrinnsrett til vidaregåande opplæring, er fristen 1. februar.
Hybel
Det er gode hybeltilbod på Vinstra. Elevane kan få gratis frukost på skulen.
På fritida
Folkemusikklina har eiget spelemannslag "Spira", som er svært aktivt. Dei deltek på konsertar og kappleikar.
Du er i eit spennande klassemiljø med musikk- og danseelevar, og du treff mange som har dei same interessene som deg.
Sitat frå lærar og tidlegare elevar
– Elevane på landslina i folkemusikk på Vinstra er dedikerte og engasjerte, og gjer at eg lærer like mykjy sjølv som eg lærer bort.
– Det er draumejobben for ein ivrig og engasjert pedagog og artist som meg.
Vegard Vårdal, lærar ved landslina ved Vinstra vgs.
Vegard Vårdal
– Folkemusikklina ved Vinstra vgs var ein døropnar for meg. Der lærde eg musikkteori og vart betre i utøvinga av musikken.
– Det har vore viktig for meg både i vidare studier og musikalsk virke.
Mari Midtli, folkemusikar og tidlegare elev ved Vinstra vgs.
Mari Midtli
– Mi tid på folkemusikklina markerer starten på musikkarriera mi. Der fekk eg augo opp for andre typer musikkuttrykk, og meget dyktige og snille lærarar hjelpte meg til å utvikle og uttrykke musikken min.
– Men det eg hugsar best er å treffe likesinna medelevar, og 12 år seinare har eg framleis god kontakt med mange av dei.
Bjørn Kåre Odde, folkemusikar og tidlegare elev ved Vinstra vgs.