Gudbrandsdal offentlege landsgymnas vart starta opp på Vinstra i 1946. Etter om lag 25 års arbeid for å få etablert eit utdanningstilbod på nordre del av Austlandet for landsungdom som hadde som mål å kunne studere ved eit universitet, vart gymnaset ei realitet.
Dei første 30 åra kom elevane frå heile Gudbrandsdalen og resten av Oppland - og frå Nord-Østerdal, Oppdal og Nord-Vestlandet. I 1964 tok fylkeskommunen over skulen, som fekk namnet Gudbrandsdal gymnas.
Samanslåing av gymnaset med Fron yrkesskule vart til Vinstra vidaregåande skule i 1976 og Ringebu vidaregåande vart ein del av skulen i 1997.
Gudbransdal landsgymnas
Pål Kluften
Vinstra vgs 2020
Per Bråtet