Internasjonalisering

På Vinstra vidaregåande skule synest vi det er viktig å jobbe med internasjonalisering fordi det har ein positiv effekt på både elevar og lærarar. 

Internasjonalisering gir nye perspektiv, haldningar, kunnskap og ferdigheiter som er viktige å ha med seg vidare i livet!

Erasmus+

«Work and life – at home and abroad”

Skulen har sidan 2017 vore deltakar i eit skuleutvekslingspartnerskap saman med ein skule i Tyskland og ein skule i Spania. Eit av temaa har vore «Work and life – at home and abroad». Det betyr at vi viser fram kvardagsliv og arbeidsliv i Gudbrandsdalen slik det er blitt forma av geografi og historie. På besøk i Tyskland og Spania får vi eit innblikk i det som er spesielt for Gronau og Murcia.

Det å delta i eit Erasmus+- prosjekt gir elevar ein unik anledning til å bli kjent med ungdom på sin eigen alder i andre land, med deira kvardagsliv, skuledagar og til å møte ein annan kultur. Elevar på alle studieretningar kan søke om å få vera vertsfamilie og/eller delta på reisene.

Les meir om Erasmus+

Erasmus-utveksling i Spania - Klikk for stort bileteErasmus-utveksling i Spania

LEARN (Helse- og oppvekstfag)

Vinstra vgs, Ung i Midtdalen og ADC College i London samarbeider om  Erasmus+-prosjektet LEARN. Elevane i  2HEA (helsearbeidarfag) gjennomfører fire vekers  praksis ved ein helseinstitusjon i London. Der får dei rettleiing og blir vurdert etter læreplanmål i faget YFF (yrkesfagleg fordjuping).

Prosjektet vart gjennomført våren 2022.

Målet med LEARN er å utvikle språk- og kulturkunnskap, kjennskap til helsefag og sjukepleie i Storbritannia og personleg utvikling.

Trollstipend

Franskseksjonen på skulen samarbeider med Direktoratet for Internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare Utdanning (DIKU). Gjennom Troll-avtalen får franskelevane stipend til språk- og kulturreiser til Frankrike, der dei bur i vertsfamilie, går på fransk skule med franske lærarar, besøker museum og attraksjonar og må snakke fransk under heile opphaldet.

Før, under og etter opphaldet løyser elevane oppgåver som fransklæraren utarbeider i samarbeid med skulen i Frankrike. Hausten 2019 var franskelevane i Nice.

Reisut.no

Gjennom fylkeskommunen si ordning Reisut.no har våre lærlingar moglegheit til å ta 14 veker av læretida i eit land i Europa. Opphaldet blir godkjent som ein del av læretida.

Les meir på Reisut.no

Språkassistent

I framandspråk legg skulen vekt på internasjonal kontakt med inviterte gjestar som snakkar målspråket.

Skuleåret 2019/2020 fekk mellom anna franskklassene tildelt  fransk språkassistent i regi av DIKU. Gjennom samarbeid med faglærar hadde elevane dagleg erfaring med fransk kultur og språk.

Trollstipend, språkreise i Nice - Klikk for stort bileteTrollstipend, språkreise i Nice

Internasjonal veke

Skulen vår ynskjer å løfte fram språkleg og kulturell mangfald, skape toleranse og nysgjerrigheit for ulike kulturar.

Under internasjonal veke har vi derfor ekstra fokus på internasjonal mat, kunst, kultur, musikk og quiz på bibliotek og kantine.

Erasmus+ Vg2 Helse- og oppvekstfag

Eit nytt konsept i Erasmus+-programmet er akkreditering. Ei godkjent akkreditering er ei førehandsgodkjenning for heile programperioda som garanterar midler til planlagte prosjekt og forenklar den årlege søknadsprosessen. 

Helse- og oppvekstfag (HO) ved Vinstra vidaregåande skule søkte og fekk godkjent ein slik søknad. Det betyr at HO kvart år i programperioda 2021–2027 vil ha moglegheit til å sende elevar frå Vg2 på utanlandsopphald for å hospitere ved helseinstitusjonar.

I 2019 etablererte HO samarbeid med partner i London, og i 2022 fekk Vg2-elevar tilbod om ein månad med hospitering i London. Ein unik moglegheit og ei nyttig erfaring å ta med seg.