PPT har mange viktige oppgåver, mellom anna desse:
Vi gir råd om tilrettelegging av opplæringa
PPT er for elevar, lærlingar og lærekandidatar som har vanskar med å følgje den ordinære opplæringa i vidaregåande skule eller bedrift.
Vi gir råd og rettleiing om opplæringssituasjonen din. Vi samarbeider med skulen eller lærebedrifta di, og hjelper til med å finne ut kva for tilrettelegging du treng for å få best mogleg opplæring.
Vi utarbeider sakkunnige vurderingar
PPT skal utarbeide ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Ei sakkunnig vurdering er eit dokument som viser kva utgreiingar som er gjorde, kva vanskane dine er og om du ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Den sakkunnige vurderinga skal tilrå om du bør ha individuelt tilrettelagd opplæring eller ikkje.
Du må gi løyve/samtykke til at det skal utarbeidast ei sakkunnig vurdering. Du må òg gi samtykke før det eventuelt blir gjort vedtak om å setje i gang individuelt tilrettelagd opplæring.
Vi utarbeider òg sakkunnige utsegner, til dømes ved tilrettelegging på eksamen.